onsdag 16. januar 2013

Pavlovakake utan sukker

Ei av mine desiderte kakefavorittar er pavlovakake. Kombinasjonen med marengs, krem og bær er heilt fenomenal etter mi meining.

Pavlova kake


Dessutan er dette ei kake som ein lett kan redusere på både sukker og feitt. Ja, ein kan faktisk rett og slett nesten gjere den til ei kake som kan nytast kvar dag :)

Hovudingrediens i marengs er jo riktig nok sukker, det kjem ein ikkje vekk ifrå. Det går ikkje an å bytte ut sukker med natreen eller anna søtstoff, det har eg nemmeleg testa ut. Resultatet blir av mjuk og seig konsistens.

Det som derimot fungerar omtrent like bra som vanleg sukker er sukrin, ein naturleg sukkererstatning. Riktignok så vert det noko anna konsistens her og, men det er ikkje mykje.

Oppskrift:

Marengsbunn

6 eggekvitar
4dl sukrin
2ts maizenna
1ts vaniljesukker
2ts kvitvinseddik

Sett ovnen på 100 grader
Pisk eggekvitane stive.
Bland det tørre saman, helle dette i eggekvita litt etter litt medan du piskar.
Hell oppi kvitvinseddik til slutt.
Legg bakepapir på eit steikebrett, smør røra på bakepapiret med ein tjukkelse på ca 4cm.  (Dersom du vil lage ei rund kake så legg ei rund kakeform over bakepapiret og teiknar rundt. Deretter smørjast marengsen innanfor denne sirkelen.

Steik i ca 2 timar (marengsbunn med sukrin treng dobbelt så lang steiketid som vanleg marengs)



Fyll:

2 fløyteputtar med ekstra lett tine kremfløyte
sukrin etter smak
litt vaniljesukker
2 posar skogsbær





  Pisk krem av fløyten, tilsett søtning, smør over avkjølt marengsbunn. Strø deretter over ønska mengd med skogsbær. Eg har ikkje brukt vaniljekrem til fyll i denne varianten. Det er enkelt og greit fordi eg er meir glad i vanleg krem.

NB!
Eg prøvde å fryse ned delar av kaka sidan me ikkje greide å ete opp halvparten eingang, men kremen vert ikkje særleg god etter nedfrysning. Marengsen derimot var omtrent like god som då den var nysteikt.

Håpar de likar denne pavlova-versjonen :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar