onsdag 16. januar 2013

Hovedvekt på sunn og kalorifattig mat, og dessertar utan tilsatt sukker

Då var bloggen oppretta, og det er berre å sette i gang.

Grunnlaget for at eg har valgt å opprette denne bloggsida er mi interesse for å lage sunn mat og ein ellers sunn livsstil. I tillegg til det så går eg på lærarhøgskulen med norsk som eit av hovedfaga, og treng derfor mykje skrivetrening. Så då kom eg fram til at å opprette ein blogg kunne vere nettopp den skrivetreninga eg treng.

Eg er som sagt glad i å lage sunn mat. Med sunn mat meiner eg mat som er både god, i tillegg til at den inneheld eit svært begrensa innhald av usunne kaloriar (metta feitt og sukker). Ellers er eg opptatt av å begrense mengda av karbohydrat i det meste av maten eg lagar, der eg stort sett brukar kun dei typar karbohydrat som kjem frå grønnsaker.

Dei fleste vil nok tenke at dette er ein typisk lavkarbo-diett, men det er det ikkje. Dette er ein livsstil der poenget er å ha eit sunt kosthold ved å begrense mengda med det som ikkje er særleg sunt, og i staden få i seg det som er sunt for kroppen. Kroppen treng litt av det meste, men det er ikkje dermed sagt at den må ha lik mengd av alt.

Dessutan skal det vere nevnt at eg etter å ha forandra på kostholdet mitt, for første gang i livet har opplevd å gå eit heilt år utan å kjenne antydning til å vere sjuk. Eg er overbevist om at dette har mykje med kostholdet mitt å gjere sidan eit høgt inntak med grønnsaker av alle slag, forsyner kroppen med mange vitaminer og mineralar som den treng for å styrke immunforsvaret, og dermed verte bedre rusta mot sjukdommar.

No har eg ikkje oppretta denne bloggen for å utrrykkje mine meiningar og haldingar om kosthold generellt. Heller ikkje er planen å drive med forsking om kva som er bra og ikkje. Det derimot vil er å publisere forskjellige matrettar som har eit minimumsinnhald av metta feitt, og dessertar som ikkje inneheld sukker, men er laga av naturlege sukkererstatningar i tillegg til søtningsstoff. Ein kombinasjon av dei naturlege søtningserstatningane og søtningsstoffa er noko eg likar å bruke.

Som sagt likar eg å ete mest av dei karbohydrata som kjem frå grønnsaker. Dette betyr at eg et lite brødmat. Det har ein så logisk forklaring som at magen min tåler begrensa inntak av mjøl. Dette har eg testa over lang tid, og magen min fungerar kun på normalt vis dersom den får lite mat som inneheld mjøl.

Derfor hentar eg karbohydrata får andre kjelder i staden, noko som fungerar svært bra sidan eg er utruleg glad i alt av grønnsaker. Eg har testa ut fleire typar heimelaga knekkebrød, og funne ein variant som er heilt fantastisk god, og det er hovudsakleg den som erstattar brødmaten for meg.

Forøvrig så håpar eg at de får lyst til å teste ut nokon av oppskriftene som eg legg ut, og at dei fell i smak :)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar